Samling: Humle til ølbrygging – kjøp humlepellets hjå CraftLab

Kjøp humlepellets til ølbrygging hjå CraftLab – vi fører eit breitt utval av humlesortar for alle typar øl, frå klassisk lager og pale ale til humledrivne NEIPA og IPA. Her finn du populære sortar som Citra®, Mosaic®, Cascade, Centennial, Simcoe, Amarillo og Saaz – tilgjengeleg per 50 g eller 100 g.

Humle er det som gjev ølet bitterheit, aroma og karakter – og val av humlesort er ein av dei morsomaste delane av ølbrygginga. Alle humlar er pelletert (T90) for enkel bruk og god haldbarheit, og blir lagra kjølig for å bevare aroma og alfasyrer.

Aromahumle eller bitterhumle?

  • Bitterhumle – tilsetjast tidleg i kokinga (60 min) og gjev bitterheit. Høgt alfainnhald.
  • Aromahumle – tilsetjast seint i kokinga (0–15 min) eller som dry hop for intens aroma utan ekstra bitterheit.
  • Dual-purpose humle – passar til begge bruksområde. Citra og Mosaic er typiske eksempel.

Usikker på kva sort som passar til oppskrifta di? Ta kontakt – vi hjelper deg gjerne. Rask levering til heile Noreg, og du kan òg hente i butikken vår i Ulsteinvik.