Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Gjærlås, delbar

Gjærlås, delbar

Vanlig pris 39,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 39,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter. Frakt beregnes ved kassen.

Delbar gjærlås er ein praktisk gjærlås for øl, sider og vin. Han fungerer på same måte som ein vanleg gjærlås: slepp ut CO₂ under gjæring, samtidig som han hindrar luft og bakteriar i å kome inn i gjæringskaret.

Fordelen med denne modellen er at han kan takast frå kvarandre. Det gjer han mykje enklare å vaske og halde rein enn ein tradisjonell S-forma gjærlås.

Delbar gjærlås lagar også lite lyd under gjæring. I staden for tydeleg “plopping” får du vanlegvis berre svak tikking.

Ved kraftig gjæring kan du koble slange på røret i midten og leie gassen ut i ei bøtte med vatn. Dette fungerer som ei enkel blow-off-løysing, spesielt nyttig ved øl som skummar mykje eller når gjæringskaret er ganske fullt.

Eigenskapar:

– Delbar gjærlås
– Enkel å reinhalde
– Lagar lite lyd under gjæring
– Kan brukast som blow-off med slange
– Passar til øl, sider og vin

Bruk:
Fyllast med vatn eller desinfeksjonsmiddel og monterast i pakning/propp på gjæringskar.

Blow-off:
Kan brukast med slange med innvendig diameter ca. 12 mm / 1/2".

Antall

Lav lagerbeholdning: 3 igjen

Vis alle detaljer