Hopp til produktinformasjon
1 av 1

Ølbrygging

FWK Creative IPA

FWK Creative IPA

Vanlig pris 569,00 NOK
Vanlig pris Salgspris 569,00 NOK
Salg Utsolgt
Inkludert avgifter. Frakt beregnes ved kassen.
Antall

FWK Creative IPA er eit ferdigbrygga fresh wort kit som gjev deg fridom til å setje ditt eige preg på ølet – du vel sjølv gjær og tørrhumle, alt etter kva stil og smak du er ute etter.

Vørteren er brygga på ca. 90% pilsnermalt, 5% dextrinmalt og 5% kveitemalt, med Mosaic og Citra tilsett i kokekaret (whirlpool) for eit friskt, fruktig botnpreg.

Du bestemmer sjølv kor stort volum du vil ha, ved å justere kor mykje vatn du tilset:

  • 15 liter (utan tilsett vatn): ABV ca. 9%, OG 1.080, FG 1.012, IBU 60, EBC 10
  • 20 liter (tilset 5 liter vatn): ABV ca. 6,7%, OG 1.060, FG 1.010, IBU 50, EBC 8
  • 25 liter (tilset 10 liter vatn): ABV ca. 5,4%, OG 1.048, FG 1.007, IBU 44, EBC 7

Nokre forslag til korleis du kan gjere settet til ditt eige:

  • Frisk amerikansk IPA med sitruspreg: 100 g Citra som tørrhumle + gjær som Lallemand Verdant IPA
  • Tropisk preg: prøv humle som Galaxy eller Nectaron
  • Klassisk «old school»-preg: Columbus, Chinook eller Centennial
  • Vil du eksperimentere endå meir? Settet fungerer også godt med eik, kaffi, krydder, appelsinskal eller frukt/puré

Gjær og tørrhumle er ikkje inkludert. Tilrådde gjær- og humlevariantar finn du i CraftLab sine kategoriar for gjær og humle.

Usikker på val av gjær, tørrhumle eller korleis eit Fresh Wort Kit fungerer? Les meir her:

Fresh Wort Kit – Alt du treng å vite om ferdigbrygga vørter

Vis alle detaljer